[Mannen uten minne] [Sylvette filmklubb] [Le mépris]
[nyheter][filmsoek][info][forslag][program][aktuelt][lenker][valg]

Filmsøk v.5



The Man Who Shot Liberty Valence

The Man Who Shot Liberty Valence

kilde: http://thisdistractedglobe.com

Fra: 1962
Regi:John Ford
Visningsdato:søndag 07.12.2008
Visningssted:Stasjonsmesterboligen

Denne filmen vises i stedet for "The Lady Vanishes", som var planlagt å vise denne kvelden.

Westernfilmen er kanskje den sjangeren, ved sidan av Science Fiction-filmen, som er lettast å kjenne på utsjånaden. Ikkje berre er kulissane iaugefallande, også kostymer og rekvisittar avslører fort kva for slags film vi har med å gjere. Faktisk er det også lett å sjå kven som er helt og skurk i ein western, som kjent har helten kvite klede og skurken svarte. Berre sjå etter neste gong du ser ein klassisk western, til dømes denne, John Fords Mannen som skjøt Liberty Valance.

Som så mange andre westerns handlar også denne ganske konkret om overgangen frå lovløyse til lovstyring, her ved den fredlause Liberty Valance (Lee Marvin, med svarte klede) og advokaten Ransom Stoddard (James Stewart, i kvitt). Med lov skal landet byggjast og ikkje med ulov øydast, heiter det. Vakre ord, men ikkje støtt så lett. Kven vil alliere seg med lova, og kven var det eigenleg som skaut Liberty Valance?

(KSS)




NyheterFilmsøkOm filmklubbenForslagFilmprogramAktueltLenkerValg

logg inn